Sommerglimt
Jærsk galskap
Emelankton Aadnesen på
Nærbø døydde i 1995, 105 år
gammal. Men steinkjerringa
hans står igjen på steinen sin
og skal minna jærbuane om
"å vera trufaste mot land og folk".
Eigentleg skulle ho ha stått i
Stavanger, ved Kongsgård,
som del av det monumentale
verket "Fortiden". Men kunstnaren S. Neandros (Sørendsen
bak fram) gjekk lei og drog til Amerika.
Skulpturen vart ståande på
Stavanger jernbanestasjon i
25 år, og skulle øydeleggjast då
Emelankton tok affære.
Han organiserte ei innsamling,
frakta statuen til Vigrestad
med toget, og derifrå med
bil og slede til Aniksdalsheia.
To år brukte hestar og ungdommar
frå Nærbø og Varhaug
på å dra den tre tonn
tunge "Mor Norge" ut til steinen
der ho nå sit. Transporten
kunne bare skje på vinterføre,
men likevel sleit dei ut to sålingar
på sledane. I 1927 var "Steinkjeringjå" på plass. Bare
nasen hennar var blitt borte på vegen.
Galskap? Ja visst.
Heilt normal jærsk galskap
Last updated 27-juli-1996 Trond HAUGE
Fra Stavanger Aftenblad mandag 22 juli 1996.