Sommerglimt
Bjørk med krøll
Nedanfor kafeen i Rogaland
Arboret på Sviland står eit
merkeleg tre. Ingen eksotisk
tresort, det er ei vanleg norsk
bjørk, men ho slår ein krøll på
seg.
I Arboretet er dei ikkje heilt
sikre på kva som har skjedd,
men som ung skal bjørka ha
blitt bøygd under ein stabel
med stokkar. Då dei vart fjerna,
svinga ho seg opp igjen på
dette viset, og ser svært så
sunn og vekstkraftig ut.
Nå skulle me vel filosofert
litt om livsvilje og å vinna over
ein dårleg start og å strekkja
seg mot høge må og alt det
der. Men lat oss bruka dei siste
linjene til å fortelja at Arboretet
fyller 25 år i år (1997), at det er
eit stadig meir populært turmål
der det nå er planta 10.000
tre og buskar, og at rododendron- og lønnesamlinga skal
utvidast nå i jubileumsåret.
Det var skogbrannen i Melsheia
i mai 1970 som rydda
grunnen for Arboretet, men
det var eldsjela Bjørn A.
Stangebye som bygde det
opp. Visjon og vilje har gjort
svarte branntufter om til ein
duftande, grøn oase.
Så det var visst noko symbolsk
med den bjørka likevel.
the
Teikning: Kåre Eikeland
Last updated 25-nov-1997 Trond HAUGE
Fra Stavanger Aftenblad onsdag 23 juli 1997.